Himmelsk Blues


Eg er i grunnen blid og ty
og plystrar songar høgt i sky
Eg vandrar rundt på livets veg
og lyset brenn i kvart eit steg

Eg såg ei jente her ein dag
eit syn av sæle kvad eit slag
Eg kjende det som søt musikk
då auga traff eit salig blikk

Ein munn av roser bivra lett
eg fall i stavar rett og slett
Då lyster i mi sjel tok form
av jenter smekre seng og orm

Eg lukka auga godt ei stund
eg dorma visst so av ein blund
Då vinden kjæla ømt mitt kinn
so hender skolv av lengten min

I sjuand` himmel var eg no
av freisting svolt og heta blod
 Og knapt eg kjende att min sti
 av brannar i mi eiga li

Av minner stig det englar lys
dei varmar tankar når eg frys
Ja ingen gir meg slik ein rus
som dagar frå ein himmelsk blues

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: