Brusande blod


I stilla mot kveld
skin lukke av is
Eg draumane held 
i fjellvindens bris

Eg speglar mitt liv
i lyset av gull
I gleda eg sviv
og trallar ein sull

Ja kveldstunda god
gjer tankane klår
I brusande blod 
eg trallar mot vår

I vårkvelden nær
der kjærleiken gror
Då er de meg kjær
du syster og bror

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: