Gamal magi


Eg kjenner ei gamale skrukkute ei
Ho sprikjer med hender og tær
Ho står der og skodar mot himmelens lei
når årstider vaknar og fær

Eg klemmer mitt øyre mot rynkute kinn
og lyer til draumar i tid
So vidsynte kvinne eg aldri meir finn
ho løyser meg endelaust fri

Ja romma er mange i karrige kår
eit eventyr strøymer av stad
Om dagen i morgon eg aldri ei får
so strålar ei kjerring so glad

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: