Vårjenta



Eg kysser deg kjæraste spegelen min
eg klemmer min dyraste skatt
I tidlause stunder du stadig meg finn
du lyser kvar evige natt

Du skjenker meg glede frå tindrande skål
frå himmel og dalar i blått
Og vinden syng songar mot endeleg mål
av kjærleik når dagar har gått

Eit hjarte av stein som fann bu i mi lyst
fann draumen av eskovens eld
Eg aldri skal høyre min spegel er tyst
når livsstraumen stundar mot kveld

Ei vårjente seglar so trufast i tid
eg kjenner eit andelaust band
Når prosten har tala ved gravrøysa mi
eg henne skal halde i hand

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: