Salige vener


Salige vener eg ære
Stilla du mektige bror
Minnene vakar so nære
Salmar or grav og til jord

Grasstråa visne på heia
Krossane kalde på stein
Stille ligg landet og leia
Kvelden so fredeleg rein

Fjellvinden pustar sin viten
Hjarta mitt hamrar i bryst
Kjære min ven eg er sliten
Vandra eg vil til min kyst

Tekst og foto 
G.Skaar

1 kommentar:

Ariadne sa...

Vakker hauststemning i ord og bilete