Minner om kjærleik


Frå blømande havet du blunkar til meg
Med smil kring om munnen eg vinkar til deg
No pirrar du attrå av eggande lyst
som tenner ein flamme i kvelden so tyst

Du vakkert meg skodar med eggande blikk
Med blonder kring bringa som magen min stikk
Og flagrande silke som tergar mitt sinn
Du yndige fagre som vitet mitt vinn


Eit lass ut av roser du strør i mitt fang
til suset av kvelden med havet sin sang
Eg undrast so audmjuk på kvar er ditt bu
som strålar slik kjærleik som einaste du

Min dag er no omme eg lengjer til natt
Eg gøymer i hjarta min dyrbare skatt
som vaknar av mørke når natt går mot dag
med minner om kjærleik vi hadde i lag

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: