Dansen på roser


Besta ho lærde oss dansen på roser
livet var solstrålar dagane lang
Preika den fekk vi i daglege doser
glade vi bøane barndomen sprang

Snillare kvinne enn besta på Tunet
aldri eg møtte på livsdagen lang
Øyra på stilkar og salmane lune
nærleiken batt oss på kjærleg eit fang

Gleda i livet ho skjenka oss grøne
ròtskapen aldri fann levande kår
Nei, Develen tek oss nok aldri til søne`
vørdnaden speglar i augene klår

Tapet av besta gav skjelvande kvaler
hausten brast tidleg då klokkene slo
Minnene lyser på bilda i Fjaler`
levande kjærleik av salige ro

Tekst og foto 
G.Skaar

1 kommentar:

Ariadne sa...

No fekk eg klump i halsen. Eg kjende vel best dei andre besteforeldra dine, men minnest godt at det var kjekt å kome innom butikken når Myrtle stod bak disken. Ho hadde alltid tid til ein prat. Dei lagar visst ikkje slike, lenger.