Himmelske sauer


Eg sprang over hamrar og myrar og sva
i redsle at føter sku` bryta
Men fanden han vite eg lamma sku` ha
og kjøtet sku` surre i gryta

Og sveitten han sila og lamma dei jòg
di meire eg sprong og eg sveitta
Frå høgaste fjellet til djupaste skog
eg trudde til himmels dei letta

Det lakka og lei eg vart svolten og svak
det knappast var krefter til pusten
Og alt kva eg såg var ein dinglande bak
som geipa og lo i mot Gusten

I myra stod fanden og gliste med ljå
eg tankane hadde som galen
Då lukka mi snudde som ut av det blå
og gneldring eg høyrde frå dalen

Som send i frå ovan stod bikkja meg bi
og lamma stod lamslegne bange
Det var som Vår Herre gav sjela mi fri
og lamma eg no kunne fange

Ein sau er ein sau og ein skrott er ein skrott
i æva er alle so like
Om sauen skal leva i æva for godt
vi møtest i himmelens rike

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: