Det kveldar



Det lakkar og lir i mot kveld
 og ferda mi var som ein eld
Eg vandra i glitrande gull 
 og tralla min gladaste sull
Eg klatra den prektige nut
i lukke og utan ei sut

No stundar eg heim til mitt bu
 til henne mi lysande bru
Til venleg eit smil og ei hand
som knyter dei sterkaste band
 Og kjærlege ord i mot kinn
so søvnen og kvila eg finn

Tekst og foto 
G.Skaar





Ingen kommentarer: