Ein kròken rygg


Her vandra ei kone på utslitne bein
og livet står skrive i veggen
Ho lite nok tenkte på framtidas mein
at stølsvollen god vart til kleggen

I nøysemd ho takka for grødene skral
av dagar med slit kringom nòva
Og maten og vasken var evig eit bal
ho ullplagga stelte og tòva

Men ungar og husbond dei knappaste såg
kor kjerringa streva om dagen
Ho søvnlaus om natta i halmsenga låg
med bibelen trufast på magen

Dei evige dalar dei tek til si hand
ei dronning som sleit seg so mager
Og dagane kvervar for alle til sand
mot haustdagar livsstraumen fager

Ja, tider skal kome og tider skal gå
til slutt ligg vi jamsi`s og like
Men ingen veit dagen vi reiser her frå
på turen til himmelens rike

Tekst og foto
 G.Skaar




Ingen kommentarer: