Kjærleik


No helsar vi Dalsfjorden levande glad
han vinkar i morgonen fager
Og bygdene jublar av nysprotne blad
i fridom frå vinterens plager

Kjenn angen frå fjæra av solvarma tang
og bøane smiler til møte
Og tjelden han knepper sin gladaste sang
no yrer det liv ut av røte

Eg skodar ei jente frå fjelltoppen min
ei blendande godlynte frille
Ho svever av lyster i vårbrisen linn
frå fjella til fjorden den stille

Det blussar i minnet ein lystige trall
av rytmer frå ungdomens sødme
Og latteren trillar i himmelens hall
til morgonens eldande rødme

Eg vandrar det grøne og doggfriske gras
som pirrar dei barføtte føter
Eg seglar på fjorden til Palma la Paz
til Flekke og søtlege møter

Eg kysser i varsemd eit solstrålekinn
ja stjerner eg vitterleg sansar
I hugnad for fjorden eg draumane finn 
som lamma eg hoppar og dansar

Mi lukke er våren eg kjenner av lyst
i takksemd til landet av velde
Når songfuglar kvitrar i morgonen tyst
eg livskrefter finn i mi kjelde

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: