I all æve


No skodar eg syner so tindrande flott
som kveldsola stille meg sender
I havet ligg draumar av evige slott
dei glødar til heimlege strender

Eg kjenner på lukka i himmel og nut 
dei lyset og varmen meg tenner
No hugsar eg gleda eg hadde som gut
då livet mitt stråla av venner

Sjå solbrune jenter med eggande smil
i elding på havyta dansar
Til songar av kjærleik frå tusande mil
eg visseleg høyrer og sansar

Dei mjukaste former renn tankane fri
vi smeltar til eitt her i kvelden
Og timar står stille i rein fantasi
eg ottast ei pinsler og elden

Ja hit vil eg koma når livsdagen renn
når jordiske sansar tek ende
Sjå himmelske salar som lyser og brenn
i takksemd til åra han sende

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: