Sola og jenta


Frå stova eg skodar ei haustsol i kveld
ho fyller min tanke med under
Og fager eg jenta i armkroken held
ho deler meg varmande stunder

I stilla ligg orda som sommaren gav
av minner frå stundene gådde
Dei lysande minna eg skodar i hav
ein fridom som tankane sådde

Ja, livet er haustmørke vintrar og vår
ei jente i handa mi smiler
Og kanskje er grodagar nett kva du får
når sola og jenta di kviler

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: