Sola mi


Stille bak blomar du bur
Søkjer eg gjer på min tur
Strålane skin for ditt folk
Songar eg syng som din tolk

Kvar finn eg deg der eg fær
Aldri er du der eg er
Atum i blånande hav
Takksam for gåva du gav

Kjærleiken gjorde meg fri
Kroppen min kosmos i tid
Blomane letta mi bør
Bygg meg ei bru til di dør

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: