Barn av dåpen


Stille varleg vaknar dagen
Roser raude på mitt kinn
Stjerner helsar sting i magen
Himmel-lògen tonar inn

Gryet strekkjer nye hender
Livet glødar solblått smil
Natta sovnar vinkar frender
Tankar sluker all min tvil

Vassblank tindrar morgon dråpen
Lufta angar søt som vin
 Fjorden kallar barn av dåpen
Stjernehimlen atter min

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: