Erotisk tortur


Ein draum av eit syn dala ned for min fot
og minner om bløming seg festa
Det kjendest som freisting mot bate og bot
meg atter ein gong skulle testa

Ei bylgje frå havet stakk magen min våt
til sveitten frå solstrålar sterke
Og saknet om draumar i ungdommens båt
i hugen min brått tykte verke

Som knivar stakk pina eg knapt kjendest ved
Eg stira i avgrunnen dyster
Og synet for auga meg aldri gav fred
Det spelte på yppige lyster

Eit lyn ut av glede eit syn ut av lengt
dei tryller og fyller ein skalle
Om litt er vår tanke i tidløysa stengt
og brua mot englar oss kalle

Eg flykta frå smerten av ungdommens vår
Eg flykta frå lystlògar sanne
I vissa at hauet med grånande hår
av draumane aldri sku`banne  

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: