Døden og levande lik


I landskapet mitt ser eg døden
han speidar mot endelaust hav
Han jobba so steinhardt for føden
og jafsa i nådelaust kav

Men døden fann døden som slave
i lekkjer av einsemd og sorg
Nei maten han inkje meir grave
og tom står ei gapande korg

På stranda står døden og plirer
eit omen for fattig og rik
Men nyfødd ligg sonen og flirer
for han er eit levande lik

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: