I Kråa


Eg finn meg ei krå i den solvarme veggen
i selskap med fluger som dansar so kåt
Eg brettar so buksa til langt opp på leggen
og plystrar ein lystige 70-tals-låt

Han Kristen har lova at sola skal skine
og dagar vert varme og himmelen blå
Eg myser mot sola bak solbriller fine
og tenkjer på fjellet med kribling i tå

Frå bøen det brækar av glade små dottar
dei skvett i mot lyset i livsglade hopp
Til hausten dei angar av saftige skrottar
ja lammelår pirrar min sanslege kropp

Eg gløttar til kjuklingar gule i karmen
ein kvikklunsj meg freistar til drikke frå kjøl
I fjeset renn sveitten frå glødande varmen
på tunet renn tèlen til elvar og pøl

Den blankstille fjorden søv bada i glansen
av sagtagga toppar med snø frå i fjor
Og kjøtmeisa kallar frå bjørka til Hansen
ho våryr no lokkar sin make til bord

Ja våren er gleda for livet å skode
eg lukkar mitt auge i kråa mot kveld
Ein tanke eg sender av salige nåde
til dagar og lyster og kjensler av eld

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: