Bit i stein

Fylle otta riv i sjela
Bringa sprengjer krefter spring
Vanskar tyngjer vil deg kvela
Blålys blenkjer klokka kling

Dagen ropar kvalme båra
Lommar tomme festen svir
Nevar klamme vener såra
Flyktar bitre fanden rir

Mørket lokkar natta vaknar
Dyra kryp langs vegg og grus
Stupet kallar livet raknar
Kroppen styrt av evig rus

Tygg du hamrar løft ditt bryne
Støtte bur i kvar ein stein 
Svelg din rus av skodde syne
Sjølv om du er redd og klein

Tekst og foto
G.Skaar

1 kommentar:

Gustav Skaar sa...

http://www.bt.no/meninger/debatt/Treliteren---det-nye-sakramentet-3563373.html