Tørst etter dragar


Det stønner og sydar frå magen til dragen
Eg søkjer så varleg eg kan hennar hand
Eg leppene kysser og høyrer på klagen
og elskande skodar det vakraste land

Men villskapen lyser frå augene svarte
Frå djupet av gapet det glødar av ròk
Eg tenkjer på enker som et av dei sarte
og dansar på line i magiske stròk

På landet der heime ligg dagane klåre
Eg fredsamt kan hende skal dra dit i dag
I minna om ungdom og gladlynte tåre`
der kicket eg vann var av soleglad slag

Frå attrå av rusen på linene strame
flyg tankar til dragen kvar bidige kveld
Men aldri eg maktar få dragane tame
dei prustar og sprutar den evige eld

Tekst og foto 

G.Skaar

Ingen kommentarer: