Luft av kjærleik


Eg skal hoppe ut i vona
klemme lukka av ein vår
Og som konge skal eg krona
mine modne nye år

Eg skal strekkje mine hender
opp til lyset blått i sky
Og so springe mine strender
lett og ledig utan bry

Glad av lukke skal eg snuse
eim av blomar ved mi strand
Og so kjenne fossen bruse
vilt i kjærasten si hand

Kvar ein morgon skal eg vakna
ut av anden frå ami
Og ei aldri skal eg sakna
luft av kjærleik på min sti

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: