Heftig Glede


Draumen i går vart til glede i dag
borte er gråvèr og møye
Tida står stille i festlege lag
Herren gir fridom og løye

Eg er ein engel i landskapet gildt
heftig til gleda eg vinkar
Smilet eg fangar er lokkande mildt
Vemodet stille no minkar

Er du so var du i tid og i rom
Fortida smeltar i månar
Vintrar til somrar til æveleg dom
Mannen i månen i blånar

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: