Flammande lyster


Det raudnar i kvelding ved glitrande randa
av tunger frå sola skin sjela av glød
I flammar stig krefter frå utstrekte handa
av eldhug og elskhug mitt daglege brød

Du kjelde av visdom og ungdommens styrke
i truskap og brorskap av brennande blod
Du glødar i kjærleik eg kjærkome dyrke
når livsdagen tagnar so strøymer di ro

I elskoven mektig veks arven til livet
han aldri ei brånar om dag går mot natt
Du blunkar so kjærleg eg elskar å klive
min flammande kjærleik og lystige skatt

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: