Minna om jul


Kveldsola dansar i raudlète smil
på kvitkledde øyar og dalar
Og heilage stjerner frå tusande mil
ser verda frå himmelske salar

Stille sit kallen og ser frå sitt glas
at mørket sig sakte rundt nòva
Med minnene mange frå jula sin stas
og kona som stelte i stova

Einsam i skuggen av knitrande eld
han skjenkjer seg kaffi frå kanna
Og Bibelen trufast i handa han held
ei andeleg gudgjeven manna

Han myser mot sola som dormar i hav
den livgjevne glitrande sæla
Og tenkjer på livet som kravde og gav
han dagane mødesamt træla

Ja, åra blir morgon og åra blir natt
ei stråle av sola tek ende
Den gråstenkte kallen ber livet sin skatt
som solstrålar dagar han sende

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: