Fuglen og hatet


På veg til ei varmare tid
finn fuglen ein dødeleg kulde
Ein jagar frå Norge si li
vi drapet kan sørgjeleg skulde

For døden set landet i brann
so ingen kan framtida ane
Og blodig ligg kvinne og mann
på flukt frå si heimlege bane

Men kanskje i morgon den dag
ein annan for foten min veltar
Eg ropar til honom på jag
at her finn han gavmilde heltar

Som hatet treng hatarar kald
treng døden dei venlege milde
Eg aldri tek hatet i vald
men elskar dei godhuga gilde

Eg varma ein flyktning i hand
so kulden i sjela mi brende
Ein stakkar frå framande strand
eg aldri fekk kjenne som frende

Tekst og foto
G.Skaar





Ingen kommentarer: