Farne draumar


Draumane farne renn stundom i minne
Havbrusen susar min sang
Åsyna fagre gir tankar i sinnet
Borte er du frå mitt fang

Stunder som denne skal alltid få skinne
Gleder rundt munnen i leik
 Synsranda lyser som varmaste kvinne
Salige stunder i kveik

Båtar skal segle til gravstad og blåne
Sandkorn i fjæra ligg att
Sirleg står namna i himmelens måne
Lyser kvar evige natt

Dagar eg åtte var gitt meg i gåve
Einsam eg stille gjekk bort
Gledene levde for atter å sove
Nakne for himmelens port

Tekst og foto 
G.Skaar




Ingen kommentarer: