Siste blomen


Du rekkjer meg takksemd og kjærleiken bed
og ønskjer meg varmande stunder i sjel
Om løftene gode, om truskap og fred
til lysande stunder i liv og farvel

Du siste av fagnad frå hagen i år
eit år er no omme men dagen består
For mørket når aldri til minner om kveik
og vinter gjev kvile mot vårar og leik

Ein blome frå æva skal bløma i sinn
ei glede som lyser frå heimstaden min
Eg gåva skal dela eg fekk i mi famn
og takka for livet som gav meg mitt namn

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: