Raude kyss


Sat eg på skuldra di såg eg til byn
slik som eg gjorde som liten
Dagar var unge og somrar eit syn
aldri eg kjende meg sliten

Frostroser smykka mi glasrute klar
røyken frå pipa den dansa
Fuglane hoppa på matfatet snar 
storvokste augene sansa

Lengten til våren var aldri so sterk
snørike vintrane trygge
Kulden gav aldri ein kroppslege verk
kjærlege dagar til hygge 

Gåver i livet vert sende oss gildt
tider som var og som ender
Gleda er stor når du kysser meg stilt
varme i lækjande hender 

Dagar eg skodar frå gro og til sist
audmjuk eg livet skal lova
Ungdomens bjørk er mi skulder so visst
saman til vår vil vi sova

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: