Låtten av Sapiens Homo (eller Eg ein sau 2)


Tett under Nipa eg kosar meg godt
gir blaffen i haglbyger vinter og flått
Som dampande middag eg nektar å bli
for livet det frie eg elskar i li

Dei toføtte lokkar og kallar som best
men aldri eg høyrer på lensmann og prest
For ingen skal styra min tanke so fri
Notura ei skallen min aldri skal svi

Når klokkene kimer og ljomar til fest
og havet eg skodar til England i vest
Kan Sapiens Homo seg fingre der bak
for ribbene mine held ryggen min rak

Tekst og foto
G.Skaar



Ingen kommentarer: