Blodige vener


Blant stjerner og åsar sit eg her i kveld
takksam og glad over kjærleikens eld
Fridomen skin over riket eg bur
lukkeleg fri for eit kvart diktatur

Der ute spring kvinner med ungar i arm
dirrande redsle som strøymer frå barm
Bombene haglar frå himmelen raud
gamle og unge fell blodige daud

Stundom går tankar til livet ditt mor
kvifor skin lyset så gudlaust på jord
Brødre og søstre av brennande blod
spring svoltne og redde når andre har flod

Livet er urett så gi meg eit svar
kvelden min fostrar ein krigsherja far
Tenn meg eit lys for min kjæraste skatt
liten og audmjuk eg tenkjer mot natt

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: