Mot kvelding


Det sukkar og læt ut av myrvåte sko
ein vandrar trør einsam i kvelden
Og haustregnet strøymer til endelaus flod
men landskapet brenn som av elden

Som fjella dei ville ligg tomme og tyst
fall draumar om kjærleik til tagnad
Og regnskodda klemmer seg klamt om hans bryst
og borte er blømerik fagnad

Dei haustgule blada fell daude til jord
eit livsløp på heia tek ende
Det myrglade landet vert morgonens mor
når landskapet kappa si vende`

Ein vandrar ser lyset i nygådde far
av regnet og mørket gror elding
Som ungdomen ropar på morgonens svar
renn vårar og haustar mot kvelding

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: