Ein flyktning (utan horn)


Eg stulla meg frampå ein hjartevarm hjord
 frå landet der blomar og fridomen gror
Men fargen var annleis på liten ein kar
han hadde rømt landet der fanden var far

Eg sette meg ned på den næraste stein
og såg på den unge med drivkvite bein
Kva skulle vi gjera so han passa her
mot vinterens kulde og jula so kjær

Han hadde mist mora og broren der sør
Og faren var fengsla av pinsle han blør
Av auga til guten eg redslene såg
eg halda han ville frå vètskremde flåg

Ja frykta og hatet er steingrunnens kall
er fanden sin bodskap for menneskers fall
Mitt landskap er pryda med tankar so vèl 
min varme skal berga ein flyktning frå hèl

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: