Ei sjel og ei skjorte


Eg sit her på toppen av breidda til liv
og nynnar ein lystige song
Eg har ingen møyer som plagar og riv
og verda den går no sin gong

Eg løftar mitt auge mot landskap av gull
eg treng ingen annan som tolk
Her er eg min herre av edlaste kull
i byen spring stressande folk

Men mange dei undrast seg grøne nok på
kva honen han gjer ut i fjell
Det kagar meg lite kva snakket mun gå
av bullshit og dører som smell

Eg myser mot sola og tenkjer på ho
som skein som eit strålande slott
På kjærleik som slokna og enda i do
og borte var jenta for godt

Nei, godt eg slepp plagast av kvinner og tvang
på meldingar, banklån og jobb
Her eignar eg makken og veivar mi stang
so tankane går til min dobb

Eit grasstrå spinn stille i fingrane fri
frå sorglause haustar til vår
Eg tenkjer som so at det livet kan gi
er nett det eg ynskjer og sår

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: