Til fjorden


Eg sit på min høgaste sesse
med synet til fjorden og leia
Til himmels fær møya og stresse`
i randa so reiser seg Bleia


I klåra eg ser oceanen
ein spegel av fredfulle tankar
Og brødskiva smakar i ganen
i fjella eg minnene sankar

Det flammar av hjarta i brystet
det sildrar av sveitte  frå panna
I hugen det brusar av lyste`
frå ovan dei dryssar som manna

Eg undrast på himmel og jorda
på sorger ein gong so aude
No blømer det reine amora
av vokster frå isande daude 

Eg ropar eit ekko mot dalen
i rusen for sjølvaste live`
Og låtten han kjennest som galen
slik lystene herjar og rive

Eg plystrar meg heim att i frelse
av minner i tankane go`e
Til fjorden i kjærleik eg helse`
og bygda av angande groe

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: