Sanka regnbogar


I synet mitt lyser det gullgylte hår 
som brennande logen 
Og tagale ungar dei drøymande står 
og skòdar mot bogen 

 For bogen han spelar av fargane kjær 
den viser oss grøda
Slik jentene trippar mot ungdomen nær
dei dagar skal føda 

Ein gulltråd renn fargar av blømande siv 
naturen oss skjenkjer 
I barnesinn kjære vert draumar til liv 
i leiken dei tenkjer 

Frå doggfriske kjakar veks spirande blom 
i livet dei dansar 
Bak  fjella dei blåe ligg salige dom 
som tankane sansar 

 Dit reiser dei alle vi elskar so stilt 
i minner og tankar
Av jentene vàre skin regnbogar gildt
i hugen eg sankar 

 Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: