Lyse minner


Eg er i grunnen blid og ty
og plystrar songar høgt i sky
Eg vandrar rundt på livets veg
og lyset brenn i kvart eit steg

Eg såg eit syne her ein dag
eit glimt av æva kvad eit slag
På fjellet sprang eit stjerneblikk
eg kjende det som søt musikk

Ein munn av roser bivra lett
i stavar fall eg rett og slett
Då lyster i mi sjel tok form
av barmar varme seng og orm

Eg lukka auga godt ei stund
og sovna sikkert av ein blund
So kjæla vinden lett mitt kinn
og hender skolv av lengten min

I sjuand` himmel var eg no
av freisting skrømt og heta blod
 Og knapt eg kjende att min sti
då stjerner skein i kvar ei li

Eg minnest ofte tider go`
dei varmar tanken som ei glo
For ingen smiler like godt
som englar i mitt eige slott

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: