Kald og sår


Eg frys og skjelv av is og vind
I fòket er eg nesten blind
Det stormar over fjella vill
Då kallar tankar varm og snill

Kva gjer du her i frost og snø
Du kan då pinadegen dø
Ja ta eit fly til varm ein krok
So kan du kaste kvar ei brok

Og røysta ber meg langt av stad
Til svidde land og heite bad
Eg brenn av eld i gloheit sol
Ein rosa fyr i våt ein stol

Då høyrer eg ei stemme taus
No sit du jaggu giddalaus
So finn deg atter regn og is
Du vraltar som ein gamal gris

Ja livet er eit paradoks
Frå brennheit sol til fryseboks
Men vegen er du sjølv som rår
Om kroppen kjennest kald og sår

Tekst og foto 
G.Skaar




Ingen kommentarer: