Når latteren klukkar av lausaste slag
er dagane solrike lenge
Til himmels fær møya av morgonens jag
frå armod og ståk etter penge
Eg gløymer nok aldri at sola er mi
Eg gløymer nok aldri at sola er mi
når hauststormar piskar på glaset
At livet ho skjenkte var min poesi
frå ryggleiet mitt her i graset
Sjå lukka er avla som sølv i din munn
eit luftslott for mennesker bange
Ei hjartanskjær kvinne frå Syrias grunn
ser blodstenkte hjortlane mange
Kom lyset kom mørket kom jenter og slikt
kom breking og løye frå saue`
Eg kjenner nok livet av arbeid og plikt
mi stemme den går til dei raue`
Tekst og foto
G.Skaar
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar