Gullkalven


Som fælsne hyener dei glefser mot maten
ein gullkalv for  magane feite
Dei bræser av ovmot med signing frå staten
ei gjerning du verre sku` leite

Eg skamfull kan skoda at rovlysta rusar
og tankar om kjærleiken skrantar
I takksemd eg lyer at humlene susar
og magemål aldri meg vantar

Tekst og foto
G.Skaar




Ingen kommentarer: