Fatet og hatet


Eg vandra i fjøra 
og møtte eit fat
Det stod der som døra
til stunder for prat

Eg tykte det sakna
ein ven på si strand
Som glad kunne vakna
og skjenkja ei hand

Vi sat der og glytte
mot steinar og hav
I stilla vi bytte
det stunda oss gav

Vi tenkte på hatet
som mennesker riv
For heldig var fatet
det stod her til liv

På havet flyt barna
i solgangar inn
So frie frå jarna
men bleike i kinn

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: