Ein skatt

No leikar det ungar på tunet
i skrålande latter og spel
Som solstrålar lyse og brune
dei dagane tek meg til del

Eg skodar dei levande under
dei spirer som fruktsame strå
Og tenkjer på barndomens stunder
på syskjene heime i krå

Ja livsdagar startar og ender
og stunda i dag kjem ei att
For same eg veit kva som hender
er leikande ungar ein skatt

Tekst og foto
G.Skaar

2 kommentarer:

Strikkegal. sa...

I vår alder får ein perspektiv på ting. Men det er ikkje like lett å få sagt det ein tenkjer. Det klarer du.

Gustav Skaar sa...

Tusen takk for det. Ja med åra kjem livserfaring og perspektiv. Og om åra har gått så ser ein seg sjølv og andre som barn i mange situasjonar. Ungar er i grunn like både no og då... Men å sette ord på kjensler er aldri lett. Eg prøver litt, og så er det ganske kjekt... Takk igjen Strikkeglad!