Eg lengtar til ein aude stad
om livet skin av glede
Min tanke gjer meg alltid glad
av øya mi der nede
Ho skin som smilet på min munn
av hjartehugen fager
Ein solskinskveld der låg eit funn
som synet mitt behager
Ho skrinn og tynn og einsam er
av svik ho aldri visste
Og auga lyser varme kjær
som gull frå havsens kiste
Når våren strålar grøn og ny
eg flagget mitt kan heise
Ja leitar du så finn du ly
til tankar på di reise
Tekst og foto
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar