Du kviskrar meg godord og søkjer mi hand
eg tenkjer på lyseblå tider
Frå turar og minner om kvinner og land
i boka av barnslege sider
Frå kyssa so ømme kom leiken med hud
til sjela sprang berrføtt i skogen
For livet det vakna og borte vart gud
av herlege jenter so mogen
Men sola ho vaknar og ender i hav
frå skapnad er soldagar like
Vi spirer om stormen tek sola i grav
av uvèr veks blomane rike
Ja, sorger og gleder ligg ankra i sinn
i døden må alle åleine
Om hender er varme når sola forsvinn
Om hender er varme når sola forsvinn
vert tankane klåre og reine
Tekst og foto
G.Skaar
Tekst og foto
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar