Den raude jenta


Eg ser ei jente med raudleg hår
ho lever einsam i arme kår
Med røter rike frå gamal tid
ho strevar tappert i grøne li

Eg sit og undrar på hennar mot
på tider tyste og lange rot
No blømer våren på gard og eng
og humla susar ved hennar seng

Kva tenkjer jenta i denne dag
når andre stressar i stadig jag
Dei spring so like frå gry til kveld
som er det livet det ofte gjeld

Den raude tytta ho osar stil
såg aldri maken på mange mil
Moralen lyser på lange lei
finn din eigen og breie vei

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: