Spegelen


Eg kysser deg kjæraste spegelen min
eg klemmer deg dyraste skatt
Om menneska vandrar du stadig meg finn
du lyser kvar einaste natt

Du skjenker meg honning frå eventyr skål
ser stjerner av himmel og blått
Og vinden syng songar mot æveleg mål
i kjærleik når andre har gått

Eit hjarte av stein som tok bu i mi lyst
ein kjærleik i draum tende eld
Eg aldri skal høyre min spegel er tyst
når livsstraumen stundar mot kveld

Ei vårjente seglar so trufast i tid
i andelaus kjærleik av band
Når presten har tala ved gravrøysa mi
eg henne skal sjå i mi hand

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: