Lystige jenter


Det stundar so ofte til avskjed og gråt
der bitar av hjarta blir borte 
Men bluesen kan tryllast til hjarteleg låt
 om strålar av sola er korte

No andar eg livet i langdryge drag 
der jentene pene meg dårar 
Og tenkjer på solskin vi hadde i lag 
når regntunge dagar fell tårar 

I minna ligg gleda vi hadde i går
 for sorger brenn tause av elden
Dei livsglade jenter dei blømer av vår 
når dagen min andar mot kvelden

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: