Frå grav til vogge


Ser englane dalar med glitrande slør
Frå ovan dei lyser som himmelske glør
I einsemd ligg sanning frå trufaste deg
Du varmar i kulde gjev vinteren preg

Frå kveldsroa tonar ei stemme i tid
den dansar i øyra som purast magi  
I livet og døden er kjærleiken stor
eg hyller mitt kjære og syngande kor

Frå dyna og svevnen set fargane bru
slik lyset og sevja gir livsmot og tru
I våren ligg minna om vinterleg ro
av kulde og mørke veks kjærleik og gro

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: