Tinnitus


Min tinnitus gjer meg til gal
so evneveik øren og skral
Det dundrar av gamal gitar
nei pokker eg vart te ein kar

For læta den yrer i sinn
so øyra dei gløder på kinn
No trommar ho dur og i moll
til takten av rock and av roll

Det einast som hjelper ei stund
ja utan ein legande blund
er fuzzen av stoner i tak
so riste eg kan på min bak

Nei svarten eg veit ei mi råd
til gud er det fåfengt å gå
Men læta ho tagnar nok still
når dauden kjem luskande til

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: