Siste tur


Den vesle kròkne kona
lèt stille døra att
for kalde vindar susar
 og lyset svinn mot natt

Ho svunne tider grunnar
 av gamle tiders dom
og gløtter bort på bilda
 i mørke kalde rom

Det flakkar lys or glaset
 ho faldar hender små
Og takkar sine dagar
 ho ungar såg her frå

Ho skodar fjella kvite
 dei vinkar helsing pur
 Til endes går no reisa
 dit skrukne gamle bur

Eit liv ber no til endes
eit sinn finn evig ro
Men morgonsol skal lyse
til andre like god

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: