Gamal magi


Eg kjenner ei gamale skrukkute ei
Ho sprikjer med fingrar og tær
Ho står der og skodar mot himmelens lei
når årstider vaknar og fær

Eg klemmer eit øyre mot rynkute kinn
og lyer til draumar i tid
So vidsynte frue eg aldri meir finn
ho løyser meg makalaust fri

Ja romma er mange i einbølte hus
og eventyr strøymer forbi
Om dagen i morgon blir æveleg blues
so strålar ho gamal magi

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: